Laurdag et vi kake for jubilantar i særklasse
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Nov 2018
Kjell Magnar Berli fyller 30 år laurdag 10. november. Han har i 2018
hatt sin beste sesong nokon sinne i Velledalen IL. Så det skulle berre mangle
om vi ikkje skulle ete kake for han.
Dagen etter, sundag 11. november, fyller duoen Bård Erstad/Einar Fet
150 år. Bård Erstad er fødd 7. mars 1943, medan Einar Fet er fødd 17. juli
1944. Ingen av dei har altså fødselsdag den 11. november, men samla vert dei
150 år denne dagen.
Markeringa vert dagen
før, sidan vi då likevel skal ete kake for Kjell Magnar.
Vi håper alle jubilantane - med sympatisørar - er på plass til kakeopning på Nærbutikken i Velledalen
klokka 11.00. Gåver kan leverast på Nærbutikken
PS. Annlaug har lova kaffi
til kaka!