Feil side av 1000-talet for trimposten i Holemarka
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Nov 2018
Sætreelva trimpost i Holemarka har hatt betre tider, men
hadde likevel eit besøkstal som gav 6.plass mellom 14 postar. Men vi trur ikkje
trimpostgeneralen, VIL-leiaren og VIL-nestleiaren er nøgde med at «heimeposten»
deira ikkje nådde 1000 signeringar. Her ventar vi eit oppsving i 2019!
Holemarka trimpost
siste fem år:
2018: 997 noteringar
2017: 1185
2016: 1184
2015: 1280
2014: 1940
Posten i Holemarka er likevel spesiell. Takka vere at
Kjellaug Ulset med sine sine snart 91 år tok 3.plassen med 67 turar, og at
hennar belgiske nabo, Myriam, kom på flott 2.plass med 110 turar. Vi likar at
trimpostane er ein internasjonal arena, men vi finn berre tre nasjonar inne på
topp-5 listene siste året.
Topp-5 Holemarka
trimpost 2018:
150 turar: Nils Terje Skylstad
110 turar: Myriam van Wunsel
67 turar:
Kjellaug Ulset – hipp hurra for Kjellaug!
44 turar: Ove
Inge Skylstad
40 turar:
Ann-Helen Hole
Oversikt over
noteringar på ulike postar i 2018:
6. Skogsvegen
Holemarka – 997 (Nils Terje Skylstad)
7. Myrdalsfjellet – 859 (Elling Hole)
8. Skogsvegen Drabløs – 693 (Annlaug Lervåg)
9. Skogsvegen Hjorthol – 576 (Ingrid Brudevoll)
10. Koppen – 511 (Ingrid Brudevoll)
11. Regndalen – 363 (Geir Helge Grebstad)
12. Hytta Brunstadkølen – 212 (Linda K. Øye)
13. Holetindane – 109 (Nils Terje Skylstad)
14. Høgsætra Fet – 85 (Alf Petter Bøe)
Kjønnskampen 2018:
KVINNER – MENN 4-5