15 seriemål for Bengt i 2018
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Nov 2018
FK Sykkylven enda nest sist i 4 div med ni poeng. Tre poeng våren, seks
hausten. Trøysta er at laget sine spelarar har markert seg, trass laber
poengfangst.
Mest gledeleg er Bengt Hole Alnes sin 2.plass på scoringstabellen.
Særleg i haustsesongen netta Bengt flittig, og det var ei fin fjør i hatten å
bli nest best bak suverene Franjo Tepuric frå Bergsøy. Laget som gav AaFK 2
kamp til døra om opprykket.
Flittigaste målscorarane i
4 div 2018:
1. Franjo Tepuric,
Bergsøy, 24 mål
2. Bengt Hole Alnes, FK Sykkylven, 15 mål
3. Stian Moe Finnøy,
Volda, 14 mål
4. Knut Erik Myklebust,
Ørsta, 13 mål
4. Pape Habib Gueye, AaFK
2, 13 mål
FKS har også vore bra på
gule kort. Trioen Bendik Hole Alnes, Thomas Randen Fure og Lars Kristian
Hjelseth greidde samla anstendige 17 gule kort. Men dei kunne ikkje måle seg
med Bergsøy sin Espen Langlo Driveklepp. Han greidde åtte gule åleine.
Så sjølv om Bergsøy måtte
nøye seg med 2.plassen i divisjonen, fekk klubben både toppscoraren og beste
kortsamlaren.
Uansett applauderer vi for
Bengt Hole Alnes i dag! 15 mål og spelande på eit botnlag, er ein ganske så
kvass prestasjon. Eit potensialt salsobjekt