God respons på rulling av tombola-lodd
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Okt 2018
Det skal rullast 11 000
tombola-lodd til Førjulsmessa 2018. 10 000 blanke og 1000 vinnarlodd. VRF
og skulekorpset rullar 3000 kvar, Velledalen IL resten.
Vinnarlodda vert stempla
og rulla av Liv Nordli Hole. Vidare har Gerd og Olaf Øien, Solbjørg og Kjetil
Brunstad, Magnhild og Paul Hole, i tillegg til familien Nakken i Straumgjerde
meldt seg. Det same har Annlaug Grebstad og Bjørg Iren Strøm gjort, men dei
slepp denne gongen. Med mindre korpset eller VRF har lodd til dei…..
Vinstar til tombolaen skal
ha ein verdi på kr 20,- eller meir. Desse skal leverast i Velledalen grendahus
fredag 16.november, så det er berre å starte «samlinga». Dei som skal levere
får tilsendt skriv, men kven som helst er velkomne som givarar.