Tilbakegang på Koppen trimpost
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Okt 2018
2017 var eit framifrå år
for Koppen trimpost med 778 signeringar i boka. Postvinnaren Dag Erik Myhre
stod for 84 av desse. I år sleppte posten seg ned på meir normale 511
noteringar. Som vi ser av statistikken svakare enn i 2016 og 2017, men betre
enn i 2014 og 2015. Som før om åra er det «utøvarar» busette på Brøvoll og
Hjorthol som er dei flittigaste brukarane av tilbodet på Koppen.
Koppen trimpost siste fem år:
2018: 511 noteringar
2017: 778
2016: 708
2015: 414
2014: 409
Topp-5 koppen trimpost 2018:
58 turar: Ingrid Brudevoll
32 turar: Anita Hjorthol
24 turar: Åge Vanebo
11 turar: Svein Hjorthol
10 turar: Dag Erik Myhre
Stoda mellom dei ulike postane i 2018:
10. Koppen – 511 signeringar
(Ingrid Brudevoll)
11. Regndalen – 363 (Geir
Helge Grebstad)
12. Hytta Brunstadkølen - 212 (Linda Kristin Øye)
13. Holetindane – 109 (Nils
Terje Skylstad)
14. Høgsætra Fet – 85 (Alf
Petter Bøe)
Kjønnskampen etter dei fem svakaste postane:
KVINNER – MENN 2-3