Fine prestasjonar i Hytteplanmila
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Okt 2018
Njål Torillson Tyssing sin klubbrekord i løpet (34.57) overlevde, men
på kvinnesida vart det rekord. Hinderløparen Anette Heimli Jokstad er no tilbake
etter skade, og dokumenterte solid form med tida 43.16. Som er ny klubbrekord
for Velledalen IL i Hytteplanmila med 46 sekund.
Kvinner 23-34 år (308 startande)
77. Anette Heimli Jokstad 43.16 – nummer 153 av 978 startande kvinner
118. Ellen Marie Hole 46. 06 – nummer 260 av 978 startande kvinner
Menn 23-34 år ( 540 fullførande)
120. Nikolai Handle Jensen 35.46 – nummer 214 av 1742 startande menn
181. Anders Wigdahl 37.44 – nummer 361 av 1742 startande menn
Som alle ser er det flotte prestasjonar i eit løp med kvass konkurranse
i alle klasser. Vi nemner at Nikolai snusa på klubbrekorden halvvegs, men det «glei»
ikkje like lett i siste del av løpet.
Vi nemner også at Kristoffer Selmer, del av treningsgruppa «Team Njål»,
kom inn på tida 39.28, som gav 248.plass i klasse 23-34 år. Som er under kravet
for medlemskap i Velledalen IL.