Osloavdelinga tungt inn i Hytteplanmila
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Okt 2018
Hytteplanmila var
fullteikna kunne ein lese – godt over 3000 deltakarar. Av desse fire påmelde
frå Velledalen IL, nemleg Nikolai, Anette, Anders og Ellen. I tillegg stiller
Kristoffer Selmer, ein kar Velledalen IL kan kome til å «kjøpe» i løpet av
hausten, om prisen er høveleg. Laget har fått blod på tann sidan det siste «kjøpet»
(Frode Mauren) vart vorte ein knall-suksess.
Kor mange som stiller på Hareid under
Snipsøyrvatnet Rundt er meir usikkert.
Elles vert det meldt frå
hovudstaden om ei vellukka intervall-økt ved Norges Idrettshøgskole sist
tysdag. Her deltok sju spreke utøvarar, mellom dei Njål Torillson Tyssing, som
sprang Hytteplanmila i fjor på sterke 34.57. I år «kviler» han.
Resultat kjem i løpet av
helga – du finn dei på nettsida.