Intervall-trening i sommartemperatur
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Okt 2018
20 grader midt i oktober
er sjeldan kost. Truleg var det årets siste sommardag som sveipa innom då åtte
utøvarar møtte til intervall-trening. Denne gongen gjekk treninga føre seg i
skogsvegen Fet, med fem drag to ulike stadar i traséen.
I tillegg fekk alle dei
frammøtte ei notering i trimboka som gav fire gilde poeng.
Trenar Alf Petter Bøe
fortel til VIL-Nett at treningane framover mest truleg vert på sundagar. Både
fordi dagen ser ut til å vere den som passar for flest, og fordi ein då får
nytta seg av dagsljos.
Følg med på nettsida og
VIL Facebook der treningane vert kunngjorde. Alle som ynskjer ei god
treningsøkt – uansett nivå – kan delta.