TRIMPOSTAR: Ny sesong i gang
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Okt 2018
Velledalen IL plar ikkje gjere
noko stort nummer av bokskiftet på trimpostane. Det går sin gang, dag ut og dag
inn. Skifte av bok betyr ny sesong, med mindre ei bok er fullteikna og må
skiftast av den grunn.
No skal Nils Terje
Skylstad gå gjennom bøkene. For somme postar ein rask jobb med berre kring 100
noteringar i systemet
. Andre er langt meir
tidkrevjande med fleire tusen. Eksempelvis har Bruna trimpost vanlegvis godt
over 4000, åleine!
Resultata vil etter kvart «tikke
inn» på VIL-Nett. Fyrst topp-5 for alle dei 14 postane, der vi startar med
posten som har lavast besøkstal (truleg Høgsætra eller Holetindane). Seinare
går vi over på topp-10 lista over personane som har samle flest poeng i løpet
av sesongen. Her er nivået skyhøgt. Eller som Elling Hole seier:
-
INGEN som går i
fast arbeid har sjanse til å vinne dette!
I tillegg har vi ei
uhøgtideleg kåring kring kven som får flest trimpostvinnarar – kvinner eller
menn. Sist sesong var kvinnene best. Året før mannfolka. Skal vi tippe 7-7 i
2018….?