Glen Ørjan senka FK Sykkylven
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2018
No er det berre å tinge seg liggeplass i grasbakken ved Mona stadion på
Stranda til oppgjeret Stranda – Sykkylven i 2019.
Det er snakk om 5 divisjon. Eller nivå seks i norsk
fotball om du føretrekkjer å seie det på den måten.
Bengt Hole Alnes er fyrrig
på scoringsfronten for tida, men denne gongen hjelpte dei to måla hans lite.
Valder scora nemleg tre, eitt av dei sett inn av Glen Ørjan Johannessen.
Oppflaska i Straumgjerde og tidlegare spelar - og ganske trottig målscorar - i
FKS. Siste sesongane er det klubbane Herd og Valder som har nytta seg av
tenestene hans.
FKS sine to siste kampar
er mot topplaga AaFK 2 og Bergsøy. Kampar utan den heilt store verdien, då
Hareid ikkje kan passerast på tabellen uansett utfall. Men det vil vere ei fjør
i hatten om Bengt kan greie 2.plassen på scoringsbørsen. Og sjølv om det no er
fyr i skuta, så er det noko som heiter å gå ned med flagget til topps!