Førjulsmessa har 25 års jubileum

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2018

LITT HISTORIKK: 17. og 18.
november er datoane for Førjulsmessa i Velledalen i 2018. Tredje helga i
november har i ei årrekkje vore fast messehelg. Det var VRF – i Atle Hole si
tid som leiar – som starta opp som messearrangør. Den fyrste var i 1993 – altså
for 25 år sidan – men den fyrste vart arrangert på vårparten.

Men tidspunktet vart raskt
endra til hausten og november månad, då ein fann dette tidspunktet meir lagleg.
VRF arrangerte åleine fram til 2002. Men då trappa laget ned og måtte ha hjelp
for å få det store arrangementet i hamn. Slik kom Velledalen IL inn i biletet,
og etter kort tid vart det Velledalen IL som bar dei yngste børene med
arrangementet. Seinare vart også Velledalen skulekorps fletta inn i det gode
selskap, slik at arrangørane som skal arrangere messe nummer 26 er: Velledalen
IL, VRF (FK Sykkylven) og Velledalen skulekorps.

Nettoen av arrangementet
vert delt med 50 prosent til VIL og 25 prosent kvar på dei to andre. Velledalen
IL skal lever halvparten av kakene (minst 30), halvparten av tombolavinstane
(ca 500) og halvparten av vinstane på loddbøkene (minst seks stk.).

Skulekorpset har ansvaret
for avviklinga av tombolaen og organiseringa av loddbøkene. VRF (FK Sykkylven)
for mat og drikke, i tillegg har dei hatt det viktige vervet som kasserar for
messa siste åra (Vibeke Skinnes).

Etter at Liv og Atle Hole hadde
ansvaret på skift for dei 24 fyrste messene,
   har Velledalen IL i 2018 desse toppverva:

Messesjef: Elisabeth Sjøli

Innkjøpssjef: Henning
Tandstad – ny for Marit Hole som gjorde ein mangårig kjempejobb her

Rigg sjef: Håkon Fedt
(gjeld både opp og nedrigging).

Saman med Konradløpa er
Førjulsmessa arrangementet som genererer mest pengar i klubbkassa. Alle bør
merke seg helga 17. og 18. november, og start gjerne prøvebakinga med tanke på
kva kake du vil levere.