Lagnadskamp for FK Sykkylven på Hareid
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Okt 2018
Før kampen har FKS ni poeng, Hareid 13.
Vinn Hareid vert avstanden sju poeng med tre kampar att. I dei kampane
møter FKS Valder på nedre halvdel og topplaga, AaFK 2 og Bergsøy. Truleg ikkje
den store poengfangsten.
Men vinn FKS på
Hareidsmyrane ligg laget berre poenget bak. Og det kan fiksast i løpet av dei
tre siste kampane. Skulle derimot Herd rote seg ned frå 3.divisjon – noko som
kan skje – spelar det lita rolle kva FKS gjer på Hareid eller i andre
attståande kampar. Då er lokaloppgjer mot Stranda i 5.divisjon neste post på
programmet.
Kampen på Hareid startar
18.30. Som betyr at vi veit svaret klokka 20.15 – fredag 5. okt.
Skulle kampen ende
uavgjort ligg FKS som før fire poeng bak, og kan i alle fall i teorien berge
plassen.
Som sikkert fleire har
registrert har Bengt Hole Alnes svinga seg opp på målfronten siste tida. Slik
ser lista over dei flittigaste målscorarane ut i 4.div Sunnmøre, med tre kampar
att:
20 mål: Franjo Tepuric, Bergsøy
11 mål: Bengt Hole Alnes, FK Sykkylven
10 mål: Knut Erik
Myklebust, Ørsta 9 mål: August J. Brandal (Hareid), Sondre S.
Kjølsøy (SIF/Hessa) og Daniel Gjerde (Rollon).