Ikkje alt er dyrt i Oslo

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Okt 2018

Med andre ord impulsar å
hente for ymse andre arrangørar!

Her kan du lese Ellen
Marie Hole sin rapport frå løpet.
 Skjennungstua Opp

   

  2 grader, surt vêr
med regn og rett frå jobb – det var ikkje akkurat med glede at vi stod på
startstreken til Skjennungstua Opp i går. Ellen Marie Hole og Anders Wigdahl
representerte Velledalen IL. I tillegg hadde vi med oss ein klubblaus type som
ofte er med i treningsgruppa som Njål har etablert i Oslo. Er vel berre rett og
rimeleg at denne aktive og allsidige karen snart melder seg inn i ein klubb??
   

   

  Løpet er finalen av
motbakkecupen i Maridalsalpane som Sognsvann Rundt Medsols arrangerer. Løypa er
5.7km og dermed det lengste motbakkeløpet i Oslo. Denne gongen var det ny
påmeldingsrekord med 197.
   

   

  Kristoffer Selmer
    28:05 nr .44 i M23-39
   

  Anders Wigdahl
    29:45
   
nr.53 i M23-39
   

  Ellen Marie Hole
    34:46 nr. 17 i K23-39
   

   

  Etter målgang vart
det servert varm hønsesuppe med brød, kaffi, kako og boller. Alt inkludert i
startkontigenten på 120kr! Det var trekking av uendeleg mange gåvekort på
Løplabbet, og Ellen Marie var så heldig å vinne eit gåvekort.
   

   

  Hovudlykt kom godt med på tilbakevegen.