Kjempetalent med slektskapsband til Fet
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Okt 2018
Og denne Kasper Fet
Støtvig representerer Oseberg Skilag (ved Tønsberg). Denne helga deltok han i
motbakkeløpet «Oslos Bratteste». Der vart han nummer tre i klasse 12-13 år på
tida 17.50. Klassa hadde 56 fullførande utøvarar.
Vi nemner at Johan Bugge
frå Romsdal vart totalvinnar på tida 14.24. Bugge vart nyleg nummer fem i VM i
motbakkeløp, og best frå Europa. Så vi skal ikkje samanlikne han med Kasper.
Men der deltok mange vaksne sunnmøringar med desse tidene:
17.57: Kornelius Linge
Glomnes, Valldal IL
18.02: Runar Korsnes,
Emblem IL
19.51: Lars Petter Hauge
(eks Valldal IL)
19.52: Einar Fannemel,
Hornindal IL (bror til skihopparen)
20.18: Vegard Godø, eks
Emblem IL.
Som vi ser av tidene slo
Kasper Fet Støtvig i klasse 12-13 år alle sunnmøringane. Og totalt i løpet vart
Kasper nummer 33 av 2193 startande. Med andre ord; det osar kvalitet!
Kven er så denne karen….?
Tek ikkje VIL-Nett heilt
feil er Inger og Einar Fet besteforeldre til guten. Geir og Eivind Fet kan
smykke seg med tittelen stolte onklar.