FOR MINNEBOKA: Opprykk på 17 års i 1978
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Sep 2018
Ja, 23. september 1978 er ein stor dag i VRF si historie. På dagen 40
år etter tek vi dykk med tilbake til Langevåg stadion. Det er siste serierunde
i øvste kretsserie på Sunnmøre. Stoda før avspark er slik:
1. Langevåg
2. Brattvåg – der Eldar Tandstad spela
3. VRF
Men avstanden var ikkje større enn at alle tre kunne vinne.
Kampprogrammet i siste serierunde var slik for topplaga:
Langevåg – VRF
Spjelkavik – Brattvåg
VRF var knappast omsnakka
i nokon sin munn som opprykkskandidat. Kun siger i Langevåg var godt nok. Men
heller ikkje det hjelpte dersom Brattvåg slo Spjelkavik. Kampane gjekk
sjølvsagt samstundes.
Sidan sjansen var så liten
reiste vi til Langevåg utan press på oss. Eit historisk VRF-lag på fleire måtar.
Med seks spelande trenarar. Og eit UK (uttakskomite) på tre personar som tok ut
laget. Kva slags tøys var dette…? Eit lag som arbeidde med seks-vekers-planar,
der kvar trenar leia treningane ei veke kvar. Alt gratisarbeid.
1. omgangen i Langevåg på
sleip, men ganske bra grasbane vart mållaust. Med eit visst trykk til
heimelaget. I pausa fekk vi melding om Brattvåg- problem i Spjelkavika. Ei lita
oppmuntring, om ikkje anna. Alt håp var ikkje ute.
I 2.omgang vart VRF «rævkøyrde».
Stort press til Langevåg. Fleire gonger hektisk framfor VRF-målet. Ein gong
vart vi redda på mirakuløst vist. I Sunnmørsposten skildra med foto og tekst
slik: «Nils Fet (t.v) og Atle Hole stormet til for å stoppe Arild Andersen i
midten.
For seint. I neste brøkdels sekund konstaterer Langevåg-angriperen at
keeper Alnes ved hjelp av bakdelen – og deretter venstre arm – har lykkes
stoppe ballens ferd på fem-meterstreken. Her var Langevåg bare et hundredels
sekund fra 3.div. Lynkjapp reaksjon av keeper.»
Men det skulle bli verre for Langevåg. VRF har nokre visittar framover,
og godt ut i andre omgang får gjestane frispark frå drygt 25 meter.
Per Hole tek god, gamaldags rennefart og blæs ballen i
mål bak Kjell Sandvik. To dagar etter eigen 27 års dag scorar Per Hole sitt
viktigaste mål i karrieren. For VRF held unna på Langevåg stadion og Spjelkavik
slår Brattvåg 4-1. VRF er oppe!
Pål Rune hadde to KM i
langrenn i ballast då han vart kasta inn på VRF sitt A-lag som 16-åring. I
høgre back-posisjon. Ganske så raskt vart han fast spelar, på eit lag som kunne
forsvare seg. Eigentleg stikk i strid mot alle naturen sine lover, men denne
sesongen med seks spelande trenarar, heldt VRF nullen i tolv av 18 seriekampar.
Med ei forsvarrekkje der ingen spelar var over 180 cm høge!
Meir om laget på Langevåg
stadion 23. september 1978:
Målmann: Leiv Alnes (23)
Backar: Pål Rune Fet (17),
Nils Fet (28)
Stopparar: Ole Jostein Fet
(23), Atle Hole (22)
På midtbana var Einar Fet (34)
og Bard Erstad (35) dei eldste, og laget sine særs viktige gallei-slavar. Ole
Bjørn Fiskerstrand (ca 27) kom til VRF nettopp frå Langevåg, og for han var det
heilt sikkert ein spesiell dag. Ole Bjørn blomstra opp i VRF etter overgangen. Elles
var Per Hole (27) VRF sin kraftangripar, medan Bjarne Alnes (30) var om-skulert
frå målmann og kunne spele både i angrep og forsvar. Halvard Erstad (28) hadde
laget sin mest presise venstrefot, medan
John Johansen likte «å lø» skotkanona – gjerne
frå langt hald – noko som betalte seg på SIF stadion i fyrste seriekamp våren
etter.
Av den yngre garde er eg litt
usikker på kven som spela akkurat denne kampen. Men laget hadde på denne tida
fine talent i Hallgeir Urke (19), Øyvind Fet (18) og Magne Nilsen (18).
Dette var altså siste gong
eit lag frå Sykkylven kommune kvalifiserte seg for spel på nivå tre i norsk
fotball. Gratulasjonane går i fyrste rekkje til bursdagsguten på høgrebacken,
Pål Rune Fet. 57 år i dag. Men også til matchvinnaren Per Henning Hole som vart
67 år 21. september.
Faktisk burde VRF vore på
Langevåg stadion og ete kake i dag – kan hende har dei vore…?!?
Neste sesong skal FK
Sykkylven etter alle solemerke spele på nivå seks i norsk fotball.
Atle Hole
1978: Spelande
trenar/midtstoppar
2018: Nettside-skribent
PS. Langevåg var særs gode
taparar. Champagne-flaskene dei hadde kjøpt til seg sjølve før kampen, levert
dei høfleg over i VRF-garderoben etter at nederlaget var eit faktum