«Institusjon» fyller 150 år 11. november
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Sep 2018
Bård Erstad og Einar Fet
er nok best kjende for sin sportsleg innsats for VRF. Ja, dei to karane var
mest som ein institusjon og rekne, og vart gjerne omtala i same andedrag – «An
Bård å an Einar. Begge med ein stad mellom 600-700 kampar for VRF (Einar 344
obligatoriske, Bård 343 oblgatoriske – som vil seie serie-og cupkampar, ikkje
treningskampar).
Men dei to var mykje meir
enn fotballspelarar. Einar likte lange løp, og sprang halvmaraton på 1.17.07 og
1.17.09 i 40 års alderen. Under hans einaste heilmaraton stoppa klokka på ca
2.51 (i Drammen). Oppeldna av å ha teke att beste kvinne på matstasjonen etter
32 km gav han litt ekstra – og sprakk i fylgje han sjølv like etterpå. Bård
vart skiløpar på sine eldre dagar og syklist på sine enno eldre dagar. Og
imponerte stort. I tillegg var begge to
glimrande stafett-løparar, mellom anna i Holmenkollstafetten
for VIL.
Bård Erstad vart 75 år
7.mars 2018, medan Einar Fet vert 75 år 17. juli 2019. Som betyr at
institusjonen «An Bård å an Einar» fyller 150 år 11.november 2018. Sett av
datoen – her vert det FEIRING!!
Skrivet som vil kome på
VIL-Nett om deira sportslege karriere inneheld både gamalt og nytt stoff.
Mellom anna vil du kunne lese om ein kamp mellom Erstad/Riksheim – Ikornnes,
som enda 41-0. Men målmannen på det tapande laget meinte hardnakka det berre
var 40-0, sidan dommaren let kampen gå ½ minutt over tida!
Vi garanterer her og no:
Dette vert gild lesnad!