Les reportasje om Radka i Sykkylvsbladet

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Sep 2018

Radka Vosicka kjem frå
Tsjekkia. Ho er 39 år, og gjorde sin spotslege debut i Sykkylven under
Konradløpet 2016. Tid 21.39.

Derifrå har Radka teke
sjumilssteg. I 2018 vart ho beste kvinne under Nibbedobbelen (både sykkel og
løp – 3000 høgdemeter)) i Geiranger, ho har sprunge heilmaraton på Sekken på
3.50 i ei løype med 800 høgdemeter, ho fekk sterk plassering under Hornindal
Rundt (75 km og 5600 høgdemeter) og sprang raskare enn den svenske kvinnevinnaren
på dei to siste strekka, før ho avslutta med «an Ironman» i Kalmar: 3800 meter
symjing, 180 km sykling og 42 195 meter springing. Tid 13 timar og 17
minutt, og ho hadde meir inne.

Finn fram Sykkylvsbladet
og les!