Leiv Drotninghaug til minne

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Sep 2018

Leiv Drotninghaug kom inn
i langrennsgruppa i VIL
   for 40 år sidan
(1978), i ein periode der aktiviteten var svært stor. Som døme på det kan vi
nemne at 1978 var året der Fjellsæterrunden for fyrste gong vart arrangert som
eit prøvearrangement. «Prøva» vart ikkje spesielt vellukka, men
Fjellsæterrunden vart fast renn gjennom eit samarbeid mellom SIL, HIL, IIL og
VIL. Vårt lag fekk etter kvart ansvaret for løypa, og Leiv Drotninghaug var
fast mann i VIL sin arrangørstab i ei årrekkje.

Men Leiv fekk også andre
oppgåver. Vi finn namnet hans både i marknadsnemnda og i hovudstyret. På
sistnemnde taburett sat han eit par år kring 1980. I tillegg var han på eit
utal skirenn. Som smørjar og lagleiar. Dagens ordførar i Sykkylven, Odd Jostein
Drotninghaug, var nemleg ivrig langrennsløpar for VIL i siste halvdel av
70-talet og starten på 80-talet. Saman med Svein Arne Nakken og Roger Malvin
Hole utgjorde dei ein trio som var å rekne med – om smørjeteamet traff -
   i klasse gutar fødde i 1966.

«Gamlekarane», mellom dei
Leiv Ottar Drotninghaug, Kaspar Fet og Karl Lade med fleire, gjekk heller ikkje
av vegen for litt konkurranse-idrett i høg alder. Og då gjekk dei til
skimerket. Det normale var at dei greidde kravet. Stilen var fin, men
uthaldenheita ikkje alltid like blendande. Men som fagmenn innan smørjing av
treski, kom dei seg gjennom.

Vi skal heller ikkje
gløyme at Leiv Drotninghaug opp gjennom åra har teke sine tak for IL Ringen og
VRF. Velledalen IL takkar Leiv for godt utført
arbeid, gode historier og gode minne!

Gravferda vert halden i
Sykkylven kyrkje fredag 21. september klokka 13.00