Pernille 1.39.52 på halvmaraton i København

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Sep 2018

Løpet i København markerte Pernille sin debut på halvmaraton (21.097
meter).
 Ho har tidlegare vist at ho er
sterk i kortare løp, eksempelvis Konradløpet, der ho i vår sprang på 17.34.
Nest beste kvinnetid sidan starten i 2002. Men ein halvmaraton er nesten fem
gonger så langt som Konradløpet. Ville Pernille stå distansen…?


I Danmark har Pernille har
ein sprek bror, mellom anna med 3.01 på heilmaraton. Han var med som hare og
motivator. Pernille sprang jamt som ei klokke. Og var raskare i andre halvdel
av løpet enn fyrste. Det er det ikkje mange debutantar som er. Ho kryssa
mållina på 1.39.52, som gir ei snittid på 4,44 per kilometer.

Kirsten Petterson, Esbjerg
Atletik og Motion, vann Pernille si klasse (35-39 år) på tida 1.19.18. Linda
Røberg frå Tromsø Løpeklubb vart beste norske i klassa på 19.plass med
1.34.36.
   Pernille sine 1.39.52 heldt til
46.plass i klassa. Av 972 fullførande! STERKT!

Pernille seier i ein
kommentar til VIL-Nett at det var eit morosamt og utruleg velorganisert
arrangement. Mykje publikum langs løypa bidrog med underhaldning av ymse slag.
Det vart ikkje uventa litt vondt siste fem kilometer, men ho trur ho kjem til å
prøve på ny neste år. Og ho anbefaler løps-glade sykkylvingar om å legge turen
til den danske hovudstaden i 2019.

PS.

Truleg er Pernille sine
1.39.52 klubbrekord for Velledalen IL på distansen halvmaraton for kvinner.