Mararton i særklasse av Njål Torillson Tyssing
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Sep 2018
15.september 2018 vart det
arrangert NM i maraton i Oslo. Der imponerte Njål Torillson Tyssing frå start
til slutt. Slutttida hans vart 2.50.39, som er solid ny personleg rekord. Med
den tida tok han ein imponerande 7.plass i klasse 35-39 år, og han vart nummer
42 mellom alle fullførande menn.
Her er nokre tal frå Njål
sitt løp:
10 km: passerte på 40.26 - nr 72 av samlege startande
20 km: 1.20.19 – nr 63
Halvmaraton: 1.24.16 – nr 61
30 km: 1.59.49 - nr 51
35 km: 2.20.37 – nr 50
40 km: 2.42.08 – nr 46
Mål: 2.50.39 – 43
Ei kvinne kom før Njål i
mål, slik at han vart nummer 42 av alle menn