Køyrde seg hardt med intervall-trening

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Sep 2018

Friidrettsleiar Alf Petter
Bøe likar gode intervall-økter. Tysdag denne veka klokka 18.00 møtte fem
utøvarar til gode drag oppover mot Vellesætra. Frode Mauren hadde til og med
teke turen frå Vegsund. Han lever mellom anna av å levere varer til
Nærbutikken, representert ved Henning Tandstad, som igjen lever av å selje
varer til Alf Petter Bøe.

Kvar dei to kvinnene kjem
inn i næringskjeda er vi meir usikre på, men sprekt gjort av Anja Skram Eikrem
og Jorunn Kvalsund Jarnes å stille. Og dei skal vite at dei er hjarteleg
velkomne tilbake ved seinare høve