Radka og Frode begge nr 4 i Saksaløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Sep 2018
Totalvinnar vart Jonathan
Schmid på sterke 42.34. Nærast kom Sigve Høydal på 46.05. Urke Challenge er
arrangert av ei lokal turstiforening. Og til liks med andre kommeriselle
aktørar likar dei føre fint språk. Noko vi tidlegare denne sesongen har sett
frå Stranda Fjord Trail Race og Romsdalseggenløpet (from Fjord to Summit) I
sistnemnde løp vart Kjell Magnar Berli «Over all winner». Slikt kling bra i
somme sine øyrer, på same måten som «Urke Challenge», men vi trur arrangøren
står seg best på å halde seg til «Saksaløpet». Og det er langt
meir interessant å skrive kva idrettslag utøvaren representerer enn å sette NOR
bak heile hurven.
Klasseinndelinga var også
litt spesiell. Begge våre sprang i 35-49 år. Her var med andre ord 35-39 år,
40-44 år og 45-49 år slegen saman til ei klasse. Difor måtte eksempelvis Frode
Mauren konkurrere mot vesentleg yngre deltakarar. Frode brukte 58.33, som altså
heldt til fjerde plass i klasse 35-49 år.
-
Eg er kjempenøgd
med løpet mitt, melde Frode til VIL-Nett, kort tid etter innkomsten.
Og det bør han vere med berre
tre løparar føre seg, og åtte bak.
Radka kom inn på fine
1.03.12. Også det heldt til 4.plass i klasse 35-49 år. Berre 27 sekund bak
Trude Eimhjellen som vart nummer tre. Av alle kvinner i løpet vart Radka nummer
ni. Nokså imponerande så kort tid etter ei kraft-tømmande «ironman-gjennomføring»
i svenske Kalmar.
Saksaløpet vert mest
for sprint å rekne for Radka. Beste kvinnetid i løpet hadde Threse Sjursen,
NOR, med 53.22.
Menn 35-49 år:
49.47: Sverre Nesdal Aske,
NOR
53.13: Hallvard Bergmann,
NOR
55.02: Alexander
Walderhaug, NOR
58.33: Frode Mauren,
Velledalen IL
1.01.02: Kjetil Letnes,
NOR
1.02.49: Idar Auflem Øye,
NOR
1.03.16: Bjørn Brudevoll, NOR
1.03.42: Sigbjørn Emblem, NOR
1.05.21: Lars Otto Alme, NOR
1.07.18: Dag Kristiansen, NOR
1.08.22: Terje Måseidvåg, NOR
1.21.19: Bernt Inge Urke, NOR