Velkomen til familien Tronstad

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Sep 2018

Familien Tronstad møtte «mannsterke»
til o-samling i Velledalen laurdag 1. september. Vi håper dei vart godt
mottekne der.

Og læringskurva var bratt,
for dagen etter deltok fem blad Tronstad
   som nykomarar for Velledalen IL i o-løpet Haustsprinten.
Vi håper opplevinga vart rimeleg positiv for Eira, Alma, Tyra, Ingeløv og Atle.
Resultatlistene viser at alle kom heilskinna gjennom sine respektive løyper. Tyra
vart til og med klassevinnar – på ei flott tid!

Velledalen IL ynskjer
familien Tronstad velkomen i sine rekkjer, og håper helga gav meirsmak.
Samstundes deler vi ut ein fortent, verbal blome til Aina Holmberg – det var
nemleg ho som formidla kontakten!