Korrigerte tider «Over Stokk og Stein»
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Sep 2018
Om det gjekk over «stokk
og stein «med tidtakinga i ungdomsklassa i Follestaddalen laurdag er usikkert,
men fyrste resultatlista som kom var i alle høve riv, ruskande gala.
No sit vi på ei ny liste,
og den seier fylgjande:
30.28: Vinnar guteklasse
35.35: Vinnar jenteklasse
38.34: Arnas Tribusininas
38.36: Andreas Mosby
Nakken, Velledalen IL
48.12: Sivert Mosby Nakken,
Velledalen IL
Som ein ser særs jamt
mellom Arnas og Andreas.
Elles har det «tikka inn»
eit foto av Hanne Karlsen Wold. Som tidlegare meldt tok ho ein særs sterk
2.plass i den store mosjonsklassa for kvinner, med tida 37.28. Eit drygt minutt
bak vinnaren Beate Myklebust, som hadde 36.15.
Sjå elles filmsnuten i ei
anna sak frå «Toughest Oslo», der Nikolai Handle Jensen tok ein glimrande
19.plass i eliteklassa for Velledalen IL. Litt meir spektakulære hinder der,
men Follestaddalen er utan tvil ein god start.