Hanne særdeles sterk «over Stokk og Stein»

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Sep 2018

Hinderløpet «Over Stokk og
Stein» vart arrangert i Follestaddalen laurdag 1. september. I klassa for
Familie/Ungdom hadde Velledalen IL med tvillingane Sivert og Andreas Mosby
Nakken. Begge to fekk fine plasseringar og tider. Sivert best av dei to på tida
46.13, Andreas ikkje langt bak på 48.19, ifylgje resultatlista ein finn på
Kondis Møre og Romsdal.

Men sterkaste utøvaren frå
Velledalen IL starta i den store mosjonsklassa. Hanne Karlsen Wold, også dyktig
o-løpar, leverte her den fine tida 37.28. Faktisk nest best av alle kvinner i
klassa. Berre Beate Myklebust, Bergsøy IL, var betre med 36.15

Vi nemner elles at
sykkylvsjentene May-Liss Fjællingsdal og Veronica Brungot begge kom inn på tida
1.04.05. Godt baska – slike jenter liker vi!!