85 løparar deltok i Haustsprinten
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Sep 2018
Møre og Romsdal O-krets si
helga-samling vart avslutta med o-løpet Haustsprinten i dag. 85 startande
deltakarar er imponerande, og nøyaktig same tal som fellesarrangementet mellom
Emblem IL/Velledalen IL hadde i 2017 på Myrdalen då KM mellomdistanse vart
arrangert.
VIL si o-gruppe hadde
stabla på beina heile 39 deltakarar. Emblem IL mønstra 34 utøvarar med god løpskraft
og stor kartkunnskap. Elles samla løpet deltakarar frå Kårvåg, Molde, Wing OK,
Førde og Ørsta.
Med mange ferske o-løparar
i aksjon er det ikkje meir enn naturleg at det blir nokre diskvalifikasjonar.
Men på dette nivået lærer ein kanskje aller best gjennom erfaring, så her er
det berre å stå på vidare.
Resultata frå løpet finn
ein på EVENTOR:
http://eventor.orientering.no/Events/ResultList?eventId=9674&groupBy=EventClass