Prestisjetung triumf for Kjell Magnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Sep 2018
«Romsdalseggen Fjord to Summit» er eit tøft løp. 28 kilometer langt,
med masse bratte parti – både oppover og nedover.
Somme har kanskje delteke i Nesaksla Opp på Åndalsnes….
vi berre nemner at Kjell Magnar sprang den løypa både oppover og nedover i dag.
-
Å springe nedatt
frå Nesaksla så fort du kan (vågar), var tøffaste delen av dette løpet, sa
Kjell Magnar til VIL-Nett etter sigeren var sikra.
Kjell Magnar ikkje berre
vann, han vann suverent. Og arrangøren skal ha ros for framifrå god tipping av
sluttid. Før løpet gjekk dei ut og sa at vinnaren truleg kom til å bruke tre og
ein halv time. Kjell Magnar brukte 3.29.29.
Her er klassevinnarane:
M 19-29 år: 1. Jørn Hustad
3.43.22
M 30-39 år: 1. Kjell
Magnar Berli 3.29.29
M 40-49 år: 1. Tom Erik
Heimen 3.58.01
M 50-59 år: 1. Jan
Møllerhaug 4.07.30
K 19-29 år: 1. Johanna
Åstrøm 4.02.41
K 30-39 år: 1. Veronica
Liabø Johansen 4.57.44
K 40-49 år: 1. Siw Kathrine
Tokle 4.38.13
Under Stranda Fjord Trail
Race fekk Kjell Magnar kjenning med den gamle kneskaden sin.
-
Kneet blir litt
hovent, men i dag hadde eg ingen smerter.