Hinderløp i Follestaddalen 1.september

    Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Aug 2018

    Hinderløpet «Over Stokk og
    Stein» vert arrangert i Follestaddalen i Ørsta kommune laurdag 1.september. Det
    er to kjende karar i det lokale «sjølvpinar-miljøet», Arve Haugland og Martin
    Hauge-Nilsen, som står som arrangørar.

    Hinderløpet er fleire
    klasser. Mellom andre den som vert kalla «Ungdom/Familie». Her deltek ein lokal
    kjenning, Arnas Tribusininas.

    Deltakinga vert i fylgje
    påmeldinga ganske så stor, truleg eit par hundre deltakarar. I klasse «Mosjon»
    finn vi namna May-Liss Fjællingsdal og Veronica Brungot, med Sykkylven bak
    namna. I same klasse finn vi Hanne Karlsen Wold, som vert Velledalen IL sin
    einaste utøver i hinderløpet, ser det ut til. Hanne har mellom anna kompetanse
    i greina orientering, og kunne sikkert også gjort det bra på Fjellsætra under
    o-løpet der 2.september.

    Tvillingane Sivert og
    Andreas Mosby Nakken, stod tidlegare på deltakarlista. Men dei var fjerna då vi
    gjorde siste sjekken av listene fredag ettermiddag.

    PS. Synd at våre to
    hinderløp-ess, Anette Jokstad og Nikolai Handle Jensen, ikkje får vist seg fram
    på sunnmørsk jord. Anette er under opptrening etter brotskaden og rekk kanskje
    siste løpa i sesongen. Begge hadde nok gjort det skarpt i Follestaddalen om dei
    hadde vore der, vel vane med tøffare løyper frå store, internasjonale løp.