Påmeldingstal o-samling 1.-2.september
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Aug 2018
Komande helg arrangerer
Møre & Romsdal o-krets samling med base i Ladalen (Fjellsætra).
Diverre har ikkje klubbane
i nordre luten (Molde og Kårvåg) meldt på deltakarar, men sunnmørsklubbane
Emblem IL og Velledalen IL stiller breitt. 33 påmelde frå byklubben og 30 frå
vårt eige o-miljø er berre fantastisk. I tillegg til det sportslege og faglege
har helga ein klart sosial profil, mellom anna med felles måltid på
Fjellsæterstova
Samlinga vert avslutta med
løpet «Haustsprinten» sundag 2. september, arrangert på fjellet.
Hittil står 31 namn på
påmeldingslista, men det kjem heilt sikkert fleire. Mellom anna kjem det
deltakarar frå Molde. O-gruppa har gjort ein kjempejobb med organisering, både
med tanke på løparar og som arrangør. At 22 av dei 31 påmelde hittil
representerer Velledalen IL er tal vi er stolte over.