Rapport frå Midt-Norsk i orientering.
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Aug 2018
Mateusz Balon måtte
gjennom 3090 meter som einaste startande i klasse H 17-C. Han fann alle postane
og kom inn til tida 54.33
Pernille, i klasse D-35,
sprang ei løype på 4920 meter. Her var det åtte startande.
Pernille tok ein sterk andreplass, 39 sekund
bak vinnaren, Mari Angell-Petersen. Litt surt for Pernille som var over fire
minutt føre same kvinne på post seks. Men å bomme på ein post- eller fleire - er
litt av det som gjer o-sporten så facinerande.
Her er resultata for dei
beste i klasse D 35, Midt-Norsk meisterskap 2018:
1. Mari Angell-Petersen,
Freidig, 50.34
2. Pernille Ibsen Lervåg,
Velledalen IL, 51.13
3. Jenny Persson, Byåsen
IL, 52.24
4. Ingvild Kjesbu,
Stjørdals-Blink, 55.19
5. Tina Strømdal Wik,
Freidig, 1.06.19