Kjekke dagar på Oppdal
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Aug 2018
I dag, laurdag, har
utøvarane våre vore gjennom langdistanse under Midt-Norsk på Oppdal.
Tobias Ibsen Lervåg og Emil
Balon sprang i klasse N-open. 1810 meter med heile 39 startande.
Eit svært kjekt løp der
også ein sjørøvar dukka opp i løypa. Her er Tobias og Emil fotografert saman
med den ukjende sjørøvaren. O-løparen i midten er Sturla Idland. Han spring for
Emblem IL, men har maaaasse slekt i Sykkylven.
I morgon spring dei tre
gutane på fotografiet stafett i lag på Oppdal. VIL-Nett ynskjer lukke til!