Panoramaleikane på Ikornnes laurdag 25.aug
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Aug 2018
Komande laurdag vert
Panoramaleikane i friidrett arrangert for fjerde gong. Arrangør er Ikornnes IL,
med hjelp av Sykkylven IL og Velledalen IL. Stemnet er annonse-sponsa av
Gjensidige Sykkylven
VIKTIGE FAKTA FOR
PANORAMALEIKANE 2018:
REKRUTTAR:
Aldersgruppe: 8-10 år
Tidsrom: 12.00-13.00
Øvingar: 60 meter og
lengdehopp (tre forsøk)
Premiering:
Deltakarmedalje til alle.
HOVUDSTEMNET:
Aldersgruppe: 11-19 år
Tidsrom: 13.00-16.00
Øvingar 11-13 år: 60
meter, 200 meter, 600 meter, lengde og kule (fire forsøk i kast/hopp)
Øvingar 14-19 år: 100
meter, 400 meter, 800 meter, 1500 meter, lengde og kule (fire forsøk)
Premiering: Gull, sølv og
bronse til dei tre beste i kvar øving
PÅMELDING: www.sportsadmin.no eller e-post: mariteide@hotmail.com
PÅMELDINGSFRIST: Innan
onsdag 22.august
STARTKONTINGENT: Kr 50,-
pr.øving
BANKKONTO: 3910.46.87044
Vi håper rett mange frå
Velledalen IL melder seg på. Her burde vere øvingar for ein kvar smak!