O-trening i nydeleg sol

    Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Aug 2018

    Det er Merete Masdal i
    Velledalen IL si o-gruppe som har sendt oss ein rapport:

     -
       
       
       







     Fantastisk
    trening i nydeleg sol, heiter det der.




     Alt i alt var 22 aktørar i
    aksjon, somme små, andre store.


     Fylgjande born tok den
    kortaste løypa saman med foreldre: Tyra, Eir, Mariell, Mathea, Simon, Chris
    Daniel, Ola, Freya og Tobias.




     Vidare skriv Merete:

     -
       
       
       







     Det var størst
    spenning mellom karane i lang løype i kveld. Det var berre minuttet som skilde
    Mateusz og Lars Even då dei for heim. Men like etter kom Per Magne i mål på
    dagens beste tid, 22.56!




     Og Per Magne kan bli ein
    farleg feiar under «Haustsprinten» 2. september, lommekjend som han er i det
    aktuelle terrenget.