Berkneset triathlon: Radka vann kvinneklassa
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Aug 2018
Berkneset triathlon
føregår i grensetraktane mellom Ørsta og Volda. I år samla arrangementet 20
fullførande deltakarar, av desse fire kvinner. Det starta med 300 meter symjing
i Hovdevatnet, før ein gjekk over til 16 km på sykkel. Siste del i konkurransen
var 5 km springing.
Vi veit lite om korleis
Radka gjorde det i dei ulike delane, men vi veit ho er sterk både på sykkel og
i springing. Symjinga kan heller ikkje vere dårleg, sidan ho slo nest beste
dame med over seks og eit halvt minutt. Her er resultata vi har snoka i:
KVINNER (fire deltakarar):
1. Radka Vosicka 1.06.50
2. Hilde Clausen 1.13.25
3. Ingunn Krosby 1.20.33
4. Irene Winsnes 1.23.30
MENN (16 deltakarar):
1. Daniel Slettebakk 59.13
2. Arne G. Nesset 1.01.11
3. Øystein Mårstøl 1.01.36
4. Hans Jakob Hunnes
1.02.30
5. Marco Haupenthal
1.02.32
6. Pål Røe 1.02.38
Vi gratulerer Radka med
triumfen!
PS. Kanskje VIL burde ta
eit prøvearrangement i greina, med symjing i Fetvatnet og sykkel og løp i
nærliggande område…….