Fire frå Velledalen IL til Midt-Norsk Meisterskap

    Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Aug 2018

    Midt-Norsk Meisterskap i
    orientering startar fredag 24.august med sprint, med Wing som arrangør. Dei to
    neste dagane tek Freidig over som arrrangør, med langdistanse laurdag 25.august
    og stafett 26.august.

    Dette er store arrangement
    med hundrevis av deltakarar. Emblem IL stiller med ein tropp på 18 løparar
    (iflg Eventor 15.aug), Velledalen IL stiller fire. Nemleg unggutane Emil Balon
    og Tobias Ibsen Lervåg, saman med Mateusz Balon i herreklassa og Pernille Ibsen
    Lervåg i klasse D 35.

    Emblem IL arrangerer
    fellestur til Midt-Norsk. Over 40 vert med på denne, inkludert Velledalen IL
    sine fire. Flott gjort av Emblem IL, og vi sender i same rennet ei helsing til
    klubben som fostra opp Olav Lundanes med gratulasjon for nok ein VM-tittel!
    Utan Emblem IL – ingen Olav Lundanes i o-toppen!

    Heile Emblem IL sin «delegasjon»
    til Midt-Norsk skal bo på Haugen Gard. Heilt sikkert sosialt og kjekt opplegg,
    og ei glimrande opptakt til kretssamlinga på Fjellsætra helga etter:

    Velledalen IL ynskjer
    store og små o-løparar masse lukke til under Midt-Norsk!