Stor VIL-tropp i Jorbærdilten
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jul 2018
Jordbærdilten
vart arrangert i Valldal i dag. I svært sterk varme. Men sidan løpet ikkje er
lenger enn 3200 meter, er det ikkje varmen som knekkjer løparane.
VIL fekk to
mann under 12 minutt, nemleg Oskar Johan K. Hole (11.37) og ein halvskadd
(akillesproblem) Per Inge Bjørnestad (11.59). Oskar sette ny personleg beste
med 18 sekund, medan Per Inge sprang på 11.29 både i 2016 og 2017.
Elles må
Andreas Mosby Nakken ha trena bra i ferien. For denne gongen var avstanden fram
til faren, Svein Arne, på fattige 21 sekund. Nesten so at han Gyls-Svein kjende
pusten av sonen i nakken!
Harde fakta
frå Valldal:
10.23:
Kristian Nedregård, Spjelkavik & Omegn, (beste herreløpar)
11.35:
Iver Gjedrem Lund, Vinne IL, (beste gut i 15 år og yngre)
11.37: Oskar
Johan K. Hole, Velledalen IL, (nr 7 i herreklassa)
11.59: Per
Inge Bjørnestad , Velledalen IL, (nr 10 i herreklassa)
12.06: Maria
Dvergsdal, Valldal IL, (beste kvinne)
13.16: Maria
Mjelva Straume, Noteam, (beste jente i 15 år og yngre)
13.39: Roger
Malvin Hole, Velledalen IL, (nr 15 i herreklassa)
13.57: Svein
Arne Nakken , Velledalen IL, (nr 16 i herreklassa)
14.18: Andreas
Mosby Nakken, Velledalen IL (nr 5 i gutar 15 år og yngre)
15.18: Sivert
Mosby Nakken, Velledalen IL, (nr 9 i gutar 15 år og yngre)
20.05: Henrik
Bjørnestad, Velledalen IL (nr 17 i gutar 15 år og yngre)
Denne
oppstillinga gir tidene til dei fire klassevinnarane pluss Velledalen IL sine
utøvarar.
Godt jobba i
varmen, karar!!