Trimpostane: Skyhøgt nivå i Straumgjerde

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jul 2018

Skal ein kome på topp-5 for Bruna trimpost kan ein ikkje ligge på latsida. Meldaren vår var på posten 26.juli klokka 21.45 og rapporterte fylgjande stilling:
407 turar: Inger Riksheim
281 turar: Solveig Olsen
223 turar: Jan Kåre Oterhals
205 turar: Kjell Olsen
183 turar: Ingunn Hole Hunnes

Like ved:
168 turar: May Britt Østro

Som vanleg vert det trimbok-skifte i skulane sin haustferie. Dette bokskiftet markerer ny sesong. Kva dag bøkene blir skifta vil variere litt frå post til post.
Innspel elles skal meldast til trimpostgeneral Nils Terje Skylstad.