Frode beste VIL-løpar
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jul 2018
Frode Mauren er ny i
Velledalen IL. Ein seig og sterk motbakkeløpar som for nokre år sidan debuterte
i Mefjellet Opp på ei tid i overkant av 1.09. Kvart år fram til 2017 har denne
personlege bestetida vorte pressa ned. I fjor brukte han 1.04.11. Denne ville
han gjerne ha sletta i år, men det gjekk ikkje.
-
Eg veit ikkje
heilt kvifor. Forma er god og eg burde vel ha greitt det…. Løypa kjenner eg ut
og inn etter ti år som campinggjest i Valldal. Kanskje vart det rett og slett i
varmaste laget oppover bakkane….?
Og ja, varmt var det! Mange
som hadde nye personlege bestetider som mål, brukte denne dagen litt lenger tid
enn dei hadde håpa. Men Frode var ikkje langt bak bestetida (kring minuttet),
og tok ein flott 3.plass i klasse 45-49 år.
PS. Siste resultatlista vi
har fått viser at Frode brukte 1.05.26