For minneboka – del 3: Eit siste farvel…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jul 2018
VRF-BRATTVÅG 1-3 (1-1)
Dalemyra stadion
35 tilskodarar
Mål: 1-0 Jostein Linga
(32), 1-1 Ståle Hurlen (44), 1-2 Kjartan Myklebust (str.52), 1-3 Lennart Holmem
(90).
Dommar: Bertil Hole,
Rollon -6
Gult kort: Bengt Bueide,
Kalle Hjelle, VRF, Svein Åge Klokk, Stig Sandøy, Eivind Grøtt Ulla, Brattvåg.
Spelarpoeng: 3 Arnel
Colic, Brattvåg, 2 Robert Sogge, VRF, 1 Frank Dalhaug, Brattvåg:
KOMMENTAREN:
-
Denne kampen var
eit produkt i tråd med den innsatsen spelarane har lagt ned gjennom sesongen.
Vi vert straffa for mange skadar og det som verre er; dårlege haldningar og
slapp treningsmoral, særleg mellom dei yngste (Sindre og Kalle Hjelle, trenarar
VRF).
-
Vi er godt nøgde
både med kampen og haustsesongen. Vi avgjorde kommunekampen mot HaNo til vår
fordel, og det ser lyst ut i Brattvåg med tanke på neste sesong (Oddmund
Otterlei, assistent-trenar Brattvåg)
KAMPEN:
Brattvåg og VRF har hatt
stikk motsett formutvikling denne hausten. Difor var det ikkje overraskande at
form-laget frå Haram reiste frå Dalemyra med alle poenga laurdag. Og sigeren
var fortent, mot eit VRF-lag som skal vere sjeleglade for at sesongen er slutt. Gjestane vann kampen fordi dei hadde eit
langt jamnare lag, verka betre trena, og hadde evna til å gå i angrep med
fleire spelarar enn dei gul/svarte. Men heimelaget scora fyrst, etter eit
vakkert angrep der Jostein Linga avslutta med sitt 18.seriemål for sesongen.
Sterkt av 33-åringen med tanke på at han har spela stoppar deler av sesongen,
og at han ikkje har teke laget sine straffespark. Ståle Hurlen hadde to mega-sjansar før
pause, og scora på den siste etter nydeleg arbeid av Colic og Dalhaug på
venstrekanten
Kjartan Myklebust sende
gjestane i leiing tidleg i andre omgang frå straffemerket, etter felling av
Stig Sandøy. Ei blytung bane krevde sitt, slik at intensiteten i kampen etter
kvart fall. Siste målet, i det som truleg var siste kampen for VRF på
seniornivå, kom i siste minutt, enkelt sett inn av purunge Lennart Holmem.
Målet kom etter ein gedigen personleg feil, som markerte ein trist sorti for
ein tradisjonsrik klubb, som totalt sett har vore den største kulturberaren i
Velledalen og Straumgjerde dei siste 50 åra.
P.S:
Jubileumet, eller gravølet
som mange kallar det, skal markerast siste helga i oktober, av klubben som
etter planane ikkje vil ha lag over smågute-/småjentealder neste sesong.
ETTERORD:
Og slik dette
kampreferatet skisserar, slik vart det!
VRF sin 50 års fest vart
samstundes ei markering av slutten på 50 år med seniorfotball på
godt nivå.
Frå 2003-sesongen heitte
laget vårt FK Sykkylven i all fotball frå 15 år og oppover. Dei fyrste åra
gjorde laget det godt i øvste kretsserie, med 2.plass i 2003 som det beste, med
Frank Suorza bak roret. Men lukka snudde ganske så kjapt. Etter nedrykk
i 2008, vart 2009-sesongen den fyrste på 40 år der sykkylvsfotballen ikkje var
representert i øvste kretsserie. Nokre eldre spelarar prøvde ein «restart» av
VRF, men forsøket vart slege ned av dåverande VRF-styret med hjelp av eit par «toppar»
frå FKS. Heldigvis kom FK Sykkylven seg oppatt, og
spelar den dag i dag(enn så lenge) i øvste kretsserie. Men ligg på sisteplass
med tre uavgjorte kampar og åtte tap etter halvspela serie.
I skrivande stund har det
vorte spela 15 og ein halv sesong seniorfotball i Sykkylven kommune etter den
ovanfor-ståande skildra VRF-kampen. Diverre er det eit faktum at samansmeltinga
av seniorspelarane til VRF, Sykkylven IL, Hundeidvik IL og Ikornnes IL utgjer
eit svakare fotball-lag i 2018, enn VRF gjorde åleine i 2002. Berre eit fåtal
år har dei vore betre, rekna etter plassering i øvste kretserie på Sunnmøre.
Kven stod så bak dette
verket…? Nei, det var definitivt ikkje Sykkylven kommune. Dei syslar helst med
skular og barnehagar, men driv ikkje fram fusjonar av fotball-lag. Vi kan trygt
slå fast at dei som stod bak verket handla i god tru og med den beste vilje.
Andre klubbar gjorde det same. Eksempelvis i Nordfjord (Tornado/Måløy, med same
svake resultat der).
Mange gløymer fort, altfor fort.
Men dette var – om vi vil like det eller ikkje – folk heimehøyrande
innad i VRF sitt verk. Initiativet kom derifrå. Frå menneske som trudde dette
ville gjere fotballen betre. Alle klubbane gjekk for det, etter demokratiske
prosessar. Lokalavisa gjekk for det, og somme trudde verkeleg at eit
fotball-samla Sykkylven kunne snuse på Hødd-nivået.
Men det er då vi må hoppe
tilbake til «KOMMENTAREN» frå 2002:
-
Vi vert straffa
for mange skadar og det som verre er; dårlege haldningar og slapp treningsmoral,
særleg mellom dei yngste, seier trenarane Sindre og Kalle Hjelle.
Så vart «dei yngste»
vaksne, og rollemodellar for yngre generasjonar. Rollemodellar med dårlege
haldningar og slapp treningsmoral.
Ein haustar som ein sår,
også i idretten!
Og takk til Sindre og
Kalle Hjelle for reine ord for pengane etter sesongavslutninga i 2002!