Strøken grasbane til leige
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jul 2018
Dalemyra ligg der, ganske
så strøken. Banemeister Bolla steller den godt, og no kom det etterlengta
regnet som gjer at grasvoksteren vil skyte fart etter ein ny runde med gjødsel.
Den tredje gjødslinga for sesongen.
Fram mot Norway Cup er det
mogleg for lokale lag å leige Dalemyra grasbane til trening. Det er ikkje snakk
om nokon upris heller, men vi tenkjer oss heile bana i to timar for 500 kroner.
Er dette av interesse så ta kontakt med:
Ove Inge Skylstad, leiar
VIL
Atle Hole, nestleiar VIL
Johan S Grebstad,
banemeister Dalemyra grasbane
For utvida tilbod som garderobeleige og
eventuelt leige av kjellarsalen i Velledalen grendahus, ta kontakt med Kristin
Grebstad