10 000 kroner frå Sykkylven Energi-Fondet til PC
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jul 2018
I eit skriv som fylgjer tildelinga heiter det:
-
Sykkylven Energi-Fondet vart oppretta i 2010.
Målet til fondet er å støtte frivillege lag og organisasjonar i kommunen vår,
der born og unge vert prioriterte, saman med eigeninnsats og privat initiativ. Sykkylven
Energi ynskjer med dette å bidra med midlar til gode tiltak for innbyggarane i
kommunen. Fondet er også i samsvar med visjonen vår: «Gi liv i eit samfunn i utvikling».
Vidare står det å lese:
-
Velledalen IL, orientering, har i år fått
tildelt kr 10 000,- frå Sykkylven Energi-Fondet 2018. Pengane skal gå til
PC
Og om PCen er det det å seie at den er alt kjøpt inn og
betalt. PC av ein litt robust type som eignar seg som «løps-PC». Testa og
funnen teneleg under løpet som vart arrangert med Dalemyra som base i mai.
Neste større løp der den vert
brukt er kretsløpet 2. september.
STOR TAKK FOR STØTTA TIL SYKKYLVEN ENERGI SITT FOND!