For minneboka – del 2 – Konradløpet i 2002
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jul 2018
arkivfoto 2004
Sykkylvsbladet si dekning
av «jomfruløpet» stod på trykk 3.mai 2002.
Klipp frå Ole Jostein Fet
sin tekst:
-
Dei mest
optimistiske av oss spådde 70 deltakarar. Då vi bestemte oss for å arrangere
løpet var målet å kome opp i ti startande, like mange som deltok midt på dag i
Bruløpet som markerte eittårsdagen for Sykkylvsbrua, sa Atle Hole i arrangørklubben
Velledalen IL, då vi snakka med han under løpet.
Det kom fantastiske 195
deltakarar, så mange at starten fyrste året gjekk klokka 05.05
Sykkylvsbladet skriv
vidare:
-
Storparten av dei
startande kom frå Sykkylven, men vi registrerte også deltakarar frå Stranda og
Vik i Sogn. Også lensmannen i Herøy og ordføraren i Sykkylven var mellom dei
som bar startnummer denne tidlege mai-morgonen. Eldste deltakar var nær 90 år.
Lensmann i Herøy i 2002
var Roar Skoglund, om nokon måtte lure på det. Medan Jan Kåre Aurdal var
ordførar i Sykkylven, og han fekk sleppe til i Sykkylvsbladet også:
-
Eg må seie dette
var eit positivt tiltak. Ei fin oppleving å vere med i eit slikt løp så tidleg
på morgonen, sa ordføraren då vi snakka med han like etter innspurten. Han var
samstundes imponert over kreativiteten velledalingane hadde lagt for dagen og
måten dei klarer dra i gang nye vellukka arrangement på.
Sykkylvsbladet fortel
vidare at Nils Terje Skylstad vart løps-vinnar føre Olaf Einar Øien og at
Ragnhild Fjærestad vart beste kvinne føre Inger Riksheim. Og avisa skildrar ein
røff spurtduell frå det lokale revylivet:
-
Løpet baud òg på
fleire spanande spurtduellar. Ein av dei friskaste var mellom to markante
rolleskaparar innan revylivet: Petter Velle (Syger frå gamle Velledalsrevyane)
og Odd Kvammen (Bø-Knuten) frå Stordal. Odd Kvammen, forøvrig ein nær slektning
til Konrad Brunstad, sikra seg den uhøgtidelege duellsigeren, hårsbreidda
framfor velledalingen i den kvasse spurten.
Sykkylvsbladet hadde
sjølvsagt med resultatlista over dei 50 beste. Vi ser at nivået har vorte skyhøgt
høgare med åra. Legg også merke til at det står «ukjent» på utøvaren som vart
nummer 30 på tida 33.21. Vedkomande er hermed etterlyst, og vi reknar med eks-lensmann
Roar Skoglund tek saka. Han vart nummer 29 og hadde kanskje kontakt med den
ukjende. Eit godt vitne i saka bør vere Odd-Kåre Fet. Han kom i mål sekundet
bak den ukjende, ser vi av resultatlista. Krevjande etter-forsking ventar.
RESULTATLISTE KONRADLØPET
1.MAI 2002:
1.
Nils Skylstad 16.23
2.
Olaf Øien 17.22
3.
Sveinung Grebstad 18.38
4.
Eivind Grebstad 18.44
5.
Oddbjørn Brunstad 19.02
5.
Håkon Fedt 19.02
7.
Øyvind Kvammen 19.55
8.
Robert Sve 19.59
9.
Ragnhild Fjærestad 20.02
10.
Asbjørn Tandstad 20.54
11.
Torstein Huse 21.24
12.
Inger Riksheim 21.52
13. Bastian Skogvold 22.31
14. Sveinung Vemøy 22.50
14. Timo Paljakka 22.50
16. Svein Lunde 23.20
17. Jon Runar Drotninghaug
23.34
17.
Per-Gunnar Holmberg 23.34
19.
Eldrid Myhre 24.08
20.
Odd Kvammen 24.23
20.
Petter Velle 24.23
22.
Kjetil Kvammen 25.04
22.
Yngve Kvammen 25.04
24.
Ståle Eikrem 25.22
25.
Henrik Johan Holmberg 25.47
26.
Pål Amund Lade 26.51
27.
Severin Grebstad 29.36
28.
Bjørn Tore Stang 30.00
29.
Roar Skoglund 30.17
30.
Ukjent 33.21
31. Odd-Kåre Fet 33.22
32. Ingunn Hunnes 33.25
32. Grete Fet 33.25
34. Rolf Hjellegjerde 33.42
34. Helga Hjellegjerde 33.42
36.
Espen Ulset Lade 33.47
37.
Robin Urke Brunstad 33.51
38.
Gunn Tove B. Skylstad 34.05
39.
Hilde Riksheim Tandstad 34.06
40.
Torild Hole 34.40
41.
Christina Holmberg 34.45
42.
Hans Oluf Holmberg 35.14
43.
Tor Olav Tandstad 35.15
44.
Lidvar Nilsen 35.15
45.
Sondre Grebstad 35.32
46.
Mona Hole 35.59
46.
Kjetil Hole 35.59
48.
Oddbjørn Oterhals 36.10
49.
Astrid Antonsen 36.58
50.
Torhild Skogvold 37.01
50.
Kjellaug Kvammen 37.01
Sykkylvsbladet sin
konklusjon frå 3.mai 2002:
-
Det første
Konradløpet vart ein suksess for Velledalen IL. Løpet blir garantert ein ny
årleg tradisjon for mosjonistane i Sykkylven.
Rettare kunne det ikkje
vore sagt, Ole Jostein Fet!
Men det er lett å seie for
nestleiaren i VIL i juli 2018, etter at 17 løp er avvikla.
Atle Jomar Hole