Minne for livet for familie frå Velledalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jul 2018
Onsdag og fredag denne
veka var både Pernille, Bent Are, Tobias og Mikkel i aksjon i dei danske
skogane.
-
Kjempefint
terreng, med lettløpt open bøkeskog, skreiv Pernille om forholda, på ein dag
der ho tok ein knallsterk 8. plass i A-finalen langdistanse i klasse W 35.
Onsdag sprang Tobias og
Bernt Are ei løype på tre kilometer, medan den yngste i deltakarflokken,
Mikkel, fleska til med 11 rundar i løpeløypa. Dei var også i aksjon på fredag,
der Tobias gjorde eit knall-løp i klasse H10 – open.
Familien Lervåg melder frå
Danmark om eit fantastisk, imponerande arrangement:
-
Her er fem løp
med fire forskjellige samlingsplassar, der alt skal riggast til 4500 løparar.
Må innrømme at eg siste åra har fått stor respekt for den enorme jobben som
vert lagt ned på o-arrangement. Her er 300 funksjonærar i sving!
Og deltakarane får tilbod
om treningsløp mellom slaga:
-
I tillegg til
løpa er det et treningsløp i relevant terreng dagen før løpet; i alt fem
treningsløyper er sett ut
og kart blir
utlevert saman med startnummer og øvrig informasjon. Eg er i tillegg mektig imponert
over energien til mange av dei eldre som deltek. Eg trudde det ikkje ville vere
folk på treningsløpa, men det er stapp-fullt der også! Tenk for ei velsigning
om ein framleis er så sprek når ein vert både 70, 80 og 90 år, skriv Pernille
til VIL-Nett.
Vi legg til at eldste
deltakar i meisterskapen var 100 år!
Nyt fotoet frå onsdag
denne veke, frå ein samlingsplass to kilometer inne i den danske skogen. Fire
flotte representantar for laget vårt - i plettfritt antrekk – slikt likar vi!
Og neste gong familien er på veteran-VM er sikkert minstejenta, Iben, også klar
for innsats.
Vi håper eit slikt
arrangement kan trigge fleire enn familien Ibsen Lervåg ved eit seinare høve.