Pernille i verdstoppen på langdistanse

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jul 2018

Veteran-VM i orientering i Danmark er over. Velledalen IL sin utøvar,
Pernille Ibsen Lervåg, har gjort unna ei hard veke.
 Men heilt sikkert ei kjekk og givande veke. Før ho
reiste sa ho dette om målsettinga:

 -
   

 Håper å kome i
A-finalen i minst eitt av løpa.

Og det gjorde ho til
gangs. Pernille kom nemleg til A-finalen både i sprint, mellomdistanse og
langdistanse. Vi har før meldt at ho vart nummer 26 i A-finalen i sprint og
nummer 16 i A-finalen på mellomdistanse. I dag vart ho nummer 8 i A-finalen på
langdistanse – ein høgt-hangande prestasjon.

Då nærmar ho seg
verdstoppen i aldersgruppa 35-40 år. Ho var fire minutt og eitt sekund frå
bronsemedaljen. Lite, med ei løps-tid på over timen (meir enn 8 km langt). Det
veit alle som har prøvt seg i orientering.

VIL-Nett har vore inne på
splitt-tidene i løpet og funne fylgjande:

Starten var ikkje optimal
for Pernille, med 20.plass ved stempling på post 2. Etter 13. post hadde ho
sprunge seg opp til 7.plass, men datt ned ein plass ved passering post 16.
Denne 8.plassen heldt ho heilt til målpassering som var 20.posten i løpet. Vidare hadde Pernille sitt beste strekk
mellom 8. og 9.post. Der var ho best i verda i klasse W 35 A (A-finalen i
klasse kvinner 35) – HURRA! Sitt svakaste strekk var mellom post 16 og 17 der
ho var 24. best.

Dei 20 beste frå VM langdistanse i orientering,
A-finale kvinner 35:

58.09: Rebecka Lindberg

1.01.43: Emelie Eklof

1.02.13: Tina Vaere

1.03.18: Katarina Lamiova

1.03.57: Samantha Saeger

1..04.07: AnneMari
Leskinen

1.05.12: Laura Goy

1.06.14: Pernille Ibsen Lervåg

1.06.19: Rie Stenhoj Baun
McGrail

1.06.41: Veera Kiuru

1.07.21: Heli Noponen

1.08.12: Anna Ojapalo

1.10.09: Annica Eng

1.10.18: Briohny Seaman

1.11.26: Tina Vilska

1.11.46: Kati Korhonen

1.13.05: Liudmila Skinder

1.17.03: Michelle
   Spillar

1.18.54: Tina Karvonen

1.19.57: Julia Bolshakova