Klubbmeteorolog Holmberg spår sommarvêret

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jul 2018

Det
har stort sett alltid vore slik her på Hole at bøndene har vore glade for slikt
eit overlag varmt og turt sommarver som vi har hatt i år.
   Då var det greitt å få berga turrhøyet i
hus.
   No har klubbmeteorologen fått
spørsmål atter ein gong: «Når kjem det regn?» Klubbmeteorologen i VIL har ferie
på denne tida av året, først og fremst fordi sommarveret er vanskeleg å spå,
men etter stort påtrykk ser eg meg nøydd til å kome med ei vermelding for
resten av sommaren.

Omkring
27.-28. juli og nokre dagar frametter kjem det regn, men truleg ikkje nok til
at det monnar for å få ein stor andreslått.
  
Resten av august ser ut til å verte relativt turr.
   Denne perioden er varselet litt usikkert.

Det
som etter almanakken ser ut til å vere rimeleg sikkert, er at det frå ca.
9.-10. september kjem til å bli mykje regn og surt ver ei stund.

Vyrdsamt

Per-Gunnar
Holmberg

Klubbmeteorolog
VIL