Pernille nummer 26 i A-finalen i sprint-VM
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2018
Laurdag sprang ho
kvalifisering i klasse W 35, der dei beste gjekk til ein A-finale. Pernille
sitt mål var å få med seg den. Og det greidde ho. Under kvalifiseringa vart ho
nummer 15 av 52 fullførande, med ei løpstid på 17.42. Med andre ord ganske så
kort og hektisk.
A-finalen gjekk sundag, og
her vart Pernille nummer 26. Kjenner vi Pernille rett er ho ikkje hundre
prosent nøgd med det. Men no er debuten unnagjort, og ho kan konsentrere seg om
mellom-og langdistanse VM komande veke. Løp som går i danske skogar og ikkje i
by.
Hald deg oppdatert gjennom
nettsida