Fin 3.plass til Anders Wigdahl i Hellesyltløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2018
Gutane og jentene sprang
ei løype på knappe 1600 meter, med i alt 41 deltakarar. Mellom desse Bettina og
Steffen Mork med besteforeldre på Erstad-bakkane.
Herreklassa talde 25
fullførande deltakarar. Her tok altså ein sunnmørs-ferierande Anders Wigdahl
3.plass med tida 24.47 i den 6,6 kilometer lange løypa. Vinnar vart
valldalingen Kornelius Linge Glomnes med 22.54. Her gjorde Sykkylven IL sin einaste
deltakar, Fridtjof Fredriksen, ein fin figur med 10.plass på 28.11. Stian Mork
(eks Velledalen IL – no Blindheim IL) kom på plassen bak Fridtjof med 28.16.
Vi tek elles med at
Oddfrid Liaskar (ektemake frå Velledalen) gjorde ein flott figur med 37.29 i
kvinneklassa.