Markant framgang for Emma og Christina
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2018
Sjå startnummer 173
For dei som ikkje har fått
det med seg:
Ultraløpet i Hornindal som
søstrene Holmberg deltok i er 75 km lang, og i løpet av desse kilometerane skal
5600 høgdemeter «bekjempast». Ingen «walk in the park», om nokon måtte tru det.
Søstrene starta laurdag
morgon klokka 08.00 og kom i mål sundag morgon klokka 09.45.49. Som betyr at
sluttida vart 25.45.49, mot 27.54.19 i 2017. Med andre ord ein framgang på to
timar, åtte og eit halvt minutt. Slik framgang kunne dei færraste notere.
Vi gratulerer Emma og
Christina med gjennomføringa. Saman med Radka sytte dei for at tre av 22
ultraløparar i kvinneklassa representerte Velledalen IL. Akkurat der var det
ingen som stiva oss!