VIL i København, Hornindal og Hellesylt i helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2018
Pernille Ibsen Lervåg vert
VIL sin fyrste utøvar i eit veteran-VM i sommaridrett i helga. Det er sprint på
programmet, med kvalifisering på laurdag. På DTU (danske NTNU)-området. Etter
kvalifiseringa vert løparane delte i A- og B-finale. Sprinten er «byløp» etter
same type kart som Velledalen IL har på Aure, men skilnaden mellom København og
Aure er som alle veit vesentleg. Alt i alt 4500 deltakarar, der den eldste
visst nok skal vere 100 år. Rett og slett imponerande!
Vi ynskjer Pernille hell
og lukke med debuten!
Neste veke er det løp over
mellom- og langdistanse.
Hornindal Rundt er ei
kraftprøve. Ultraløpe (75 km ) og Fjell-løpet (38 km) startar i Grodås sentrum
laurdag 08.00. Radka Vosicka, Emma Holmberg og Christina Holmberg stiller i
ultraløpet. Kanskje også Kjell Magnar Berli, men har visst fått kjenning med
kneskaden sin att. Jan Rakottyai er påmeld i fjell-løpet. Løpa i Hornindal har
samla nær 400 påmelde.
I Hellesyltløpet smell
startskotet laurdag klokka 15.00. Også her vert Velledalen IL representerte,
men vi veit ikkje i skrivande stund med kor mange. Gute- og jenteklassa spring
løyper på drygt 1500 meter, medan menn og kvinner spring 6,6 km. Start og mål
er på Hellesylt stadion.
Resultat frå desse løpa
vil kome på nettsida i løpet av helga