Trimgruppa har utsett grillinga

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jul 2018

arkivfoto
Det har kome melding frå
trimgruppa i VIL, om at det dette året ikkje vert grilling ved fellesferiestart
på Brunstadsætra. Årsaka er mannskapsmangel helga 7. og 8 juli.

Men trimgruppa skriv til
VIL-Nett at arrangementet berre er utsett, og at siste fellesferiehelga kan vere
aktuell som ny dato. Kunngjering om ny dato vil kome på nettsida.

Det betyr at heimeverande
folk kan konsentrere seg om Hellesyltdagane (Hellesyltløpet) og Hornindal
Rundt, som VIL-grillinga ofte har kollidert med siste åra.